måndag, april 23

Angelvoice

For når
Jeff opnar sangboka
og reinsar sjela mi,
blir eg med han
til ukjende land
som ingen reisekatalogar
nokon gong
kan finne

torsdag, april 12

Straks i Tigerstaden

Pakka i koffert
kaffe i kruset

Min buss til lufthamn
går ein null, null null

Og eg har det kjekt
med Janis
medan eg ventar

onsdag, april 11

Heildagspain

Svarte og kvite
side opp
side ned
Eg har

krampe i handa
3 minutt igjen
Eg skal klare det
Sjå!

eg klarte det
Men for eit
dårleg resultat
det blir

tysdag, april 10

Alle veggar tar vel i eit tak

Akkurat no vil eg
skrike deg opp i ansiktet,
din egoistiske katt

Om ein vegg i eit hus
går sin veg,
ramlar huset om
Du forstår vel det?

Men dette er vel
ikkje viktig for deg
Berre så synd
at vi gjer!

måndag, april 9

I Love the Shoe Box

Carrie ta meg med
til byen der
ein ikkje har frokost hos Tiffany's
Der kjærleiken er mogeleg

Dykk brusar av glede
med dykkar Cosmos og Dolce sko
Gi meg olivenen, ver så snill
Så kan eg synge for dykk

Tenk som det var verkeleg?
Shit så bra at
eg har tre cdar
igjen!

laurdag, april 7

Tin Tin

Tin Tin skrik i mikrofonen sin,
skrik om hårklippens verknad
Det er hennar song ho skrik
som eit sjeldent insekt

Status oppstår
når håret er klipt skeivt
Viktig for Tin Tin
å vere dronningbia

Med usynkroniske armar
symjar ho bort til Raggi
Ber ho om å gå heim,
og fiksar litt på augenskuggen

Spleise

Langt mørkt hår
vs
Langt bustete hår

Kurt Cobain
vs
Audery Hepburn

Gutt
vs
Jente

Together in the
nature?

Siste buss

På bilvegen i det mørkaste mørke
går to sjelefrender og vinglar

I svakt lys må dei flykte
frå farane som truar

"Må rekke bussen,"
skrik dei og ler
Men den kom
aldri