torsdag, juni 21

Spegelens syndefall

Det er ikkje
ditt
ansikt
du ser
i den spegelen der

Du ser ikkje ut
som du eigentleg trur

Det er berre bilete'

Vi blir
lurt

Smyg seg mot meg

spydige tankar
smyg seg tett og sakte
mot meg

spel ikkje dei syrlege
tonane frå saksofonen din
i meg atter ein gong

eg har stogga
å la meg lure

eg har eit skarpare
våpen
under senga
mi

og den skrik
etter
å slakte

tysdag, juni 19

Ingen kommentar

Som ein journalist
utan fleire spørsmål
vaknar eg

opp

kvar morgon
med nattlua på
syg inn
augneblinken
som sit igjen

til neste dag

Tom for ark

ho går inn
i rommet,
ryddar
kvar vegg
skurar dei

kalendaren
heng att,
men der er
ingen ark
igjen

går inn
i neste
rom
bort til
kopimaskina

men den
svarar
berre
nei

Av med smil

eit grusomt hyl
går som ein parade
gjennom kroppen min

når

eg ser at du ikkje
har tatt av deg smilet
når eg forlengst har



ikkje forvent saft
og kanelbollar
neste gong vi treffast

måndag, juni 18

søndag, juni 10

Nyhende: Tre finalistdikt

I mai vart tre av mine dikt utplukka frå "Skolekammeret", som finalistdikt og som blir trykt i dagbladet den komande veka. Så det er berre å hamstre inn aviser!

Her er dikta:


Bjørnejakt

Audrey
skifter stil

no skal ho rocke
kvar hunk som finst

Kurt Cobain
er ikkje lenge med oss
så no skal ho slå
neglene i ein annan
bjørn


Jättafina skjerf

Ulla strikkar skjerf
varme, lange og gode

Ho gir dei i gåver
til venene sine
og dei brukar dei
kvar ein dag

Men no er ho tom
for garn
så ho må nok ta
seg ein tur
til gymgarderobane

igjen


Romfarar

Lille Gubban
likar så godt
den solide
tyngdekrafta

men av og til
løysnar krafta
og Lille Gubban
flyr vekk
frå jorda

ut i det svarte
ut i det farlege
men gir ingen teikn
om å kome seg
tilbake