søndag, desember 30

Sterkt digitalisert

kven flyr
over graset?

løyser seg
opp
i fargar
som ikkje eig
namn

men eg
flyr

Kven tenner lys i mørket

når eg krev det svake
i mitt nærvær?

treng ei makt
sterkare enn
nokon tyngdekraft

Nei, du veit ikkje kven
eg er

Riddar

Kjem du snart?
Eg ventar med min
turkise ponny
Ingen ser ut til å
ha lagt merke til
open himmel

Svakker

men kven er du?
testar
ut pusten i blada?

ordlaus som
konglene
Snakk!

kven har gitt deg
smykker?

pust meg ut
for alltid

fredag, desember 21

Oppdrag Tyngdekrafta

Ser Tyngdekrafta
trilogi?

Denne gong
miss Audrey,
men i kontrast
til forgjengarane sine,
på oppdrag

Sat ein gong
i raketten,
men nådde ikkje
det svarte og farlege,
heldigvis

Audrey,
kjend med hanskar
og mørke solbriller,
skjuler seg vekk
på hennar spionering

står mellom
to teoriar

er Tyngdekrafta
ei sann oppdaging,
eller ei skrøne
utan like?

Vi ventar
med popcorn
og førehandsbestillt
kinobillett

søndag, desember 16

Ein turist

Ein mann får rykningar
i andletet
som om gjenferd
var tilstades

Eller ser han
gnistar i
augene til folk?

Han verkar så
fjern, som om alt
går i eit saktare
tempo

Men eg høyrer
blodet hans renne
fortare enn
leopardens flukt

Det låste i meg

Kven prøver
å lirke seg inn
i mitt innerste rom?

Er intensjonen
av stål eller blomar?

Ei uknekt gåte
i ein sauna
av kvelande damp.

tysdag, desember 11

Det lille, det ekstra

Eg stikk knivar
i ryggraden
for å få i
nerven eg vil ha
når eg syng

Når eg får
den
er kanskje tekoppen
min tom
men gåsa si hud
er for lengst
delt ut i
posjonar