onsdag, januar 30

Is med varme

Eg skal berre PRØVE
å lage denne iskremen til deg
Setje meg inn
i korleis den vil smake
dersom eg legg til
fysisk varme,
vil den smelte

?

Så kvitt og stille

og så plutseleg
eit blått over meg

eg samlar notar i koppen min
natt og morgon

no står eg bak
mine luftige kvite gardiner
og trekkjer inn vind med kesamlukt

laurdag, januar 26

klart, rundt tal

Til tante Guri

før
ti da

stod eg
klar
med føtene
i ni

ingen talde
sekund og
minutt
og ingen brukte
tellarskritt

før
ti da

plastembalasjen
rundt
albumet
ikkje tatt av

nyfila
negler
og
stelte
fingertuppar

før
ti da

eg
slår
til

no

fredag, januar 18

Krystallnatt

Følgjer visaren på uret mitt
med epler i korga
ein langduk strekt over

Mi ferd går om fossane
dei skjøre krystalldryss
transportmiddel, deira

Så møter epla
det nevnte element
og vert dratt med
i natta

Eg følgjer visaren
på uret mitt
hadet, mine gode epler

I mitt oppgjer

Æresord
ti gaflar
i hjartet

Eg legg
meg ned
på mine
kne
tek hendene
i handjern

Men eit vindauge
står ope
og ei due
sit der klar
med GPS
og redningshellikopter

Eg har

dei
tunge
kyss

lodd
mitt
bryst

men
ikkje
raknar

av
viljens
lyst

for
smeden
gjekk

til
kongen
heim

fekk
reiskap:
gull

jordbær
og
lime

laurdag, januar 12

Nyhende: Finalist desember

-med diktet "Ein turist".

Vesle Grøn

eit flyt av grønt
gjennom alle pust

skal berre
litt til

som våren i
gjenføding

som eit vennleg smil
frå din fiende

og utallige
fargenyansar av
solskin

Ei langstrakt elv

skulle ønskje
eg hadde
ei langstrakt elv
som kan
bære den vakre lyden
av neglene dine
som treff tangentane
-vakrare enn sjølve
spelet

så kan
eg sitje
i min ende
og ikkje
trenge
noko anna
i hele
verda