søndag, mars 25

Hjartebeskjed

Hugs middag
I kveld
Valentinsdag
Kl.19.00
Skjer det

Der, endeleg

Når rosa varmeflasker har
Hengt seg
På krokar

Når elskovsord har
Limt seg
På veggen

Då pustar vifteomnen letta ut
Og gir litt ekstra varme

Bokka

Den
S j u a n d e
Sans
Har opna seg


Veke 12 i månad mars

Fullt av
Plageri og mas
Ingen
Oksygentiltak

Overmakter

Når ei CD-plate på veggen
Shaker hoftene sine
Kan ingen rødmaling spele rosa
For bøkene i hylla vil trampe så hard
At fargen rød vil verte grå

Frosken tittar vennleg fram
Mellom ark og flaskepant
Ler muntert av det
Som han skulle sjå opp til

Vindpust

Ei vifte var vellukka
Glad og fornøgd var
Den
Men ein dårlig dag var
I vente
Fordi den stoppa så plutselig
Opp
Istaden flytta aircondition
Inn
Stilig, sexy og slank
Medan vifta låg på
Dynga
Med brukken kjeve
Og lårhals

Rar rosin

Eg åt ein gong ei rosin
Den var så inderlig fin
Men den smakte veldig rart
Og den gjorde mitt hode klart

Såpebobler

Bobler blir blåst
Ned frå eit vindauge

Sakte
Valsar dei
Synkronisk ned
I ein virvelvind

Sprekk
Når dei når bakken
Men takta går
Fortsatt

måndag, mars 5

Fullmåne

Månen er på scena
Teppet er trekkt frå
I salen er det stille
Og lyskastaren er på

Showet er ditt
Og det gjer du med glans
Med lydlaust orkester
Dansar du din dans

Somewhere over the

Le
Snakk
Skrik
rop

Eg har musikken på
Høgast mogeleg
Så det gjer
Ingenting

Eg er ei
Perle, nett som dokke
Men kanskje i ein anna
Farge