tysdag, oktober 30

Klatremus i Nyskog

Når Klatremus
hamnar i ein skog
av ugler
kan ho fort
trekke seg
tilbake

Men ho taklar
likningskabalane
og statistikkoppsummeringane,
for i denne skog
høyrer ho heime

Kaninklubben sine to medlem

Ruby og Audrey
kaninklubbens sine to medlem
skriv stadig sjølvbaka
slektstre
for å kunne
uttale seg
fullstendig

klarer seg
dei to
men draumen ligg
på ein plen
av trekløver

Fargekart

Det at
Dolly Duck
går med
rosa sløyfe
samt tilbehør

treng ikkje tyde
at barnerommet
eig same
farge

Peanøtter

Etter kvar krone
er betalt
kan vi kvile,
fattige og blide,
og sjå prinsessa
bli forvandla
til svane

Flykunst

Ved
å tenne

Røykelse, tenkte
det berre var
å trykkje
på lightaren
så kunne ho
fly

Men ved
andedammen
datt ho
uti

torsdag, oktober 25

Gratisbillett

Eg
trur ikkje
du, med reine fjær
gjorde det
med vond hensikt

slapp ut
sommarfuglar
frå laboratoriumet ditt

tilfeldig
at dei skulle
møte på meg

Eg
berre glad
for gratisbillett
til slike turar

Tanta mi

Tanta mi
målar eit bilete
med tomatpurè
medan

rosene visnar
i mikrobølgjeomnen
og
konfekten ligg
i peisen og
svir seg

Så skal ho
selje det
og kalle det
"Kunst under
kjærleikens
vakuum"

Dyret mot koppen

Til Todd

dyret legg seg
stille inntil
kaffekoppen min
mumlar noko
i søvne
og pustar
tungt
gjennom
nasa

og kaffien
er varm

Juvelar

sukkerbitane ser
så annleis ut
i dette kvite rom
med vidopne glas
og vinddrevne
gardiner

som ein Tiffany-stein
under eit ball
svimlande vakkert
og pusten gløymer
du momentant
får berre
rykningar
i leppene
ein-to-tre
ein-to-tre

Eg lyttar

strekk meg
oppetter eit
Paris-måleri
så malinga
farga håret mitt
i franske
fargar

høyre berre
spørmål og svar
frå det andre rom
inkulderer ikkje
meg, men høyrer
etter.
Og håret mitt
blir tilslutt
ugjennkjenneleg

Etter alt

Eg opplevde
eit plutseleg
vakuum
der eg trudde
jobb og slit
stod for tur,
var berre
stillheita
som eg hadde
gløymt
korleis
kjenne

Nytt offer

Tyngdekrafta
har løysna
igjen

ny astronaut
ute og går

kven veit vel
når han kjem
tilbake?