torsdag, oktober 25

Juvelar

sukkerbitane ser
så annleis ut
i dette kvite rom
med vidopne glas
og vinddrevne
gardiner

som ein Tiffany-stein
under eit ball
svimlande vakkert
og pusten gløymer
du momentant
får berre
rykningar
i leppene
ein-to-tre
ein-to-tre

Ingen kommentarer: