måndag, mai 26
Nyhende: Bilete på bloggen
No skal eg leggje ved eit bilete for kvart dikt, som kan linkast til innhaldet eller berre krydre innlegget.
laurdag, mai 24
Kattefrø

Til Ragnhild, Schefskatta
Eg sår eit kattefrø
i mjuk
og lunka mold
set meg i kroken
bind på auga:
eg kan sove gjennom
sju vintrar og somrar
til det byrjar å spire -
og ein - to - tre - fir
soloppgang siste dag
ser eg ein pote så mjuk, lun
strekk seg ut av graset
silkehår, silkemjuk
eit par auge
som gardiner dei opnar seg:
perler i kamskjel
kravl ut, du
legg deg inntil
mi silke
og lær malekunsten
som eg lærde
eingong
for alle ønskjer
at dei var
ein katt
Das Marihøne
fredag, mai 16
Du stryk
dei kvite skjorter
dei kvite stoff
som innhalere
ein damp, varmt
trygt
rundt og rundt
overalt
Du stryk
di plikt
bomull, å
bomull:
du gir meg
ein dag
dei kvite stoff
som innhalere
ein damp, varmt
trygt
rundt og rundt
overalt
Du stryk
di plikt
bomull, å
bomull:
du gir meg
ein dag
tysdag, mai 13
Bak blåe auge
O,
skar du
deg
vesle ven
han smilte
lurt
bak blåe auge,
Oskar
eg skal koste
oska vekk
frå ansiktet ditt
skar du
deg
vesle ven
han smilte
lurt
bak blåe auge,
Oskar
eg skal koste
oska vekk
frå ansiktet ditt
Tyt
du snakkar
og du
snakkar
og berre saft
kjem ut av din munn
som ikkje
kan nyttast
til nokon ting
men som
druknar sneglar
på veg heim
og du
snakkar
og berre saft
kjem ut av din munn
som ikkje
kan nyttast
til nokon ting
men som
druknar sneglar
på veg heim
Abonner på:
Innlegg (Atom)