laurdag, mai 24

Kattefrø




















Til Ragnhild, Schefskatta


Eg sår eit kattefrø

i mjuk
og lunka mold

set meg i kroken
bind på auga:
eg kan sove gjennom
sju vintrar og somrar

til det byrjar å spire -
og ein - to - tre - fir

soloppgang siste dag
ser eg ein pote så mjuk, lun
strekk seg ut av graset
silkehår, silkemjuk
eit par auge
som gardiner dei opnar seg:
perler i kamskjel

kravl ut, du
legg deg inntil
mi silke
og lær malekunsten
som eg lærde
eingong

for alle ønskjer
at dei var
ein katt

Ingen kommentarer: