måndag, juni 9

Hagevandring




















foto: Robert Jan Leerink


Eg har ein overhead
og min parykk har rundstykkefasong

I hagen

Ei stove mellom trea
der ei kone med sin mann bur
serverer chips frå sin
nyinstallerte omn
Tar mine kundar,
Olaf og Gurine

I epletreet
apebestemor
som bakar klipperull
skrik og skrålar
og vil vakse vekk
min lebestift

Ei damme
med snorkelmann
"Dette er ein ønskebrønn
kast pengen over venstre skulder"
men Apebestemor dyttar meg uti
og eg er våtare enn våte flest

Ein skjellsand med
ein strandmann
blomar og basskjørt
miksar dry Martini
salig dans med fresh musikk,
men eg går våt og sint forbi
Hagevandringa kan berre
gå sin gang for meg

1 kommentar:

Lina sa...

Dette var som smurte hveteboller, Gurine!God innsats, godt språk og gode skildringar.