torsdag, mai 31

Utan sko

To barrføtte
på marknadsplassen
Skal kjøpe
for dei siste
kroner

Mat
til syster
og mat til bror

"På eige
ansvar, å gå
her utan sko
utan tanke på
dei tusen
glasbitar
som ligg her
og godgjer seg"

sa dei
Mildaste versjon
sjølvsagt

Snudde
gjorde dei
og dekte til
sine magar
i støyande
sorgarie

Dundrande leik

Janne tok
den sylskarpe kniv
knuste den gjennom
granateple
Blodet rann ut
som sprekkar
i demning,
og alt vart dekt
av dei dundrande
fargar
som ville føll
i leik

Janne tek
den sylskarpe kniv
og velg ut
neste frukt

måndag, mai 28

Hyller

puppane mine
er ikkje store
dei er kjempestore
dei svingar i vinden
medan eg går
min daglege puppetur
til der motoren går
og bilane står
der eg er sola i systemet

Upopulær julegåve

i rosa tights
lyseblå sko
rutete skjorte
og krølla, blodt
hår

ligg ho øverst
på hylla
pikant og så flott
i ei skinnande kiste
av uopna plast

upopulær julegåve
ho her, desverre
men no får ho sjå
støvet ramle
i
alle
fall

Den lakserosa laksen

Laksen ligg
og kuttar seg
i smoothie-makeren

Ville ha
skeivklipt hår
vart heller
punsj
til tre

Johnny

Du
er
ein
hund

Johnny

Og eg
hatar deg
for det

Du er
ein hund
som kneldrar
i mine øyre
Og som
bit meg
i filler

Eg veit kor
eg har deg

Men eg
tvilar på
du sit
i bur

For kvar
ein dag

Johnny

Har du
passet klart

torsdag, mai 17

Bålnekt

Astrup sit
framfor
sin laptup
åleine

lagar
kunst
av kreative
slag

låst inne
i sitt hus
lenka til
tastaturet

augene
speglar
eit bål
i
dans

Forsvarslaus eg er

dei raudkledde
krypa
trur dei er morosame

kjem mot meg
i ein flaksande
fart

og etter eit
hundredels sekund
er eg våtare
enn ein
drukna
katt

Ut

vi skal
liste oss
ut i skogen
utan eit
einaste
kvepseknirk

og
observere
alle mønstra
i molda

skrive ned
tonane vinden
plystrar

lukte mauren
sin syre

og kjenne
kvarandres
pust varme
lengre enn
under huda

Som ei frukt

du er meir
enn ei gullerot
sjølv om du er knasande
og oransje
med full av vitaminar

for meg
er du moreller:
dyrebare
glinsande
og heng
høgre oppe
enn andre
frukter

onsdag, mai 16

VHS-teater

"Ikke rør rosen,"
seier ho
med gåsemjuk
stemme

Ho er
eit udyr
av ein sjeldan
sort

som kanskje
er ein smule redd
for å utpeike seg spesielt
på videotape

Bø bø, lille lam

bø bø
lille lam
no skal du få svi

eg skal taue deg fast
skamklippe deg
så ingen til slutt
vil ha deg

så tenk
ein ekstra gong
før du slepp
dine perler
på meg

Nesesamba

nesa mi
knakk
i går
då eg
såg på
samba-dans

den ville
berre
riste seg litt
laus

Kunstverk

Heisann,
kunne eg fått handa
di
når pulsen din sluttar å
slå?

Eg har ein tom vegg i mitt
galleri
og eg har opning i kommande
månad

fredag, mai 11

Overnatting i sko

gå heim i din sko
ta med deg litt mat
sov der til i morgon
vokn opp neste dag
og oppdag at

du kan gå
mykje lengre

Grauten er endeleg min

grautskåla er tom

grabbarna har vore her

for aller siste gong

no kan eg endeleg bruke godt smør

Bjørnejakt

Audrey
skifter stil

no skal ho rocke
kvar hunk som finst

Kurt Cobain
er ikkje lenge med oss
så no skal ho slå
neglene i ein annan
bjørn

måndag, mai 7

Metallkjeft

eg
set meg ned
i stolen

han tar
dei skarpe instrumenta
i min munn

han skraper
og drar

smerter
kjem

ingen kjære
onkel

ikkje akuratt
tannfe her
nei

kva skal eg med
jernbaneskinner

når eg ikkje kan
køyre tog?

fredag, mai 4

På stranda i India

Tintin har dratt til India
ho vil vekk frå mas og kjas
Ho legg seg ned på ei strandseng
og drikk jevnleg av ein tropisk drink

Men bak dei digre klitter
ho ser gjennom tunge augelokk
Eit paistykke vandrande mot ho
med tennissokkar i sandalar

Tintin reiser seg opp
og rister av seg sanden
Stusser nakkehåra maler augelokka
og gjer seg klar til å møte paistykket

Ho kan plutsleig kjenne kva
slags pai som stormar mot ho
det er jo frøken jordbær
med havfrue i håret

Dei spring så sakte
mot kvarandre
ler og gliser stort
-SMOOTHIE er det du?
-Ja min elskede Tintin!

tysdag, mai 1

Pressemord

mindre blitzar,
mindre notisblokker
for svartetala stig
men ingen gidd å undre kvifor
for dei er ikkje menneske
huff, tenkjer eg
og les Se og Hør