søndag, januar 28

Kongeleg makt

Eg tar ei saks
kutter meg i fingeren
blått blod
renner
som Nigeria Falls.
Eg skal male dagen rød
så varm og trygg du vil,
men gi meg ikkje
eit plaster.

Knappeseier

Der ligg dei på golvet
stille som mus.
Ho plukkar dei opp
med si krokete hand.

Ho syr dei fast
med sin sterkaste trå,
for dei skal ikkje dette av,
aldri i livet.

Ho har dei på kjolen,
kvar og ein.
Matte og blanke,
farga og grå.

Ho set seg ned
i fløyelsstolen.
Slår litt champagne
i sitt glas.

No har ho fullført
sitt mål,
no skal ho berre
feire.