søndag, januar 28

Knappeseier

Der ligg dei på golvet
stille som mus.
Ho plukkar dei opp
med si krokete hand.

Ho syr dei fast
med sin sterkaste trå,
for dei skal ikkje dette av,
aldri i livet.

Ho har dei på kjolen,
kvar og ein.
Matte og blanke,
farga og grå.

Ho set seg ned
i fløyelsstolen.
Slår litt champagne
i sitt glas.

No har ho fullført
sitt mål,
no skal ho berre
feire.

1 kommentar:

Anonym sa...

nice...