laurdag, september 29

Nye reglar

nye reglar
innført
i det ho traskar
over terskelen
i ullkjole
og hatt
dei hatar det
ho elskar det
ler under
speeking-preikane
tinitus i deira
øyre
og dei pønskar
ut bortføringa
på møteromma
passert midnatt

Mektig tone

skarp tone

rask spring
eg opp stigen
som tar meg
til toppen
av månen

høyrer den ikkje
lengre

tar eit svalestup
og endar
i senga mi

fredag, september 28

Ho

latte med kokosmelk
som ikkje smakte

bokstavkjeks
som aldri vart
kjøpt

ein summetone
i øyret

prosa
i alle
uttalelsar

men inni ho
flyr duene
med stempla
brev

Kyss i vinden

Eit kyss
frå eit menneske
i haustviden
på Carls bru
ved den gylne
hund

Hadde eg
berre hatt
eit kamera
hadde eg
vist deg
og du
kunne ikkje
gjort
anna enn
å
tenke

onsdag, september 19

Gartnaren

ingen hage
utan
gartnar,
vil ikkje
finnast
utan

bur i
det grønmalte
arealet
der blomane står
etter ROGGBIF,
som i ein
regnboge,
som i eit
paradis

snakkar
med rosebuskene
og stryk
erteblomane i
nakken,
og dei svarar
med å stråle

så når
det sterkaste
uveir, eller
den hardaste
tørke
kjem inn
gjennom døra,
står dei
faste, urørte
for dei har
sterkare røter

for dei har
gartnaren

laurdag, september 8

Kald

naken
eller
ikkje naken

ein stor storm
vil gjere oss
alle kalde

Drillpikene

Pikene drillar
seg gjennom
øyrevegggane mine
gjennom glavaen
til kraniet
og ut i blodets
mange elvar
så ler eg, så lykkleg
at hjartet mitt
gjer mooves frå diskoteket
i går