onsdag, september 19

Gartnaren

ingen hage
utan
gartnar,
vil ikkje
finnast
utan

bur i
det grønmalte
arealet
der blomane står
etter ROGGBIF,
som i ein
regnboge,
som i eit
paradis

snakkar
med rosebuskene
og stryk
erteblomane i
nakken,
og dei svarar
med å stråle

så når
det sterkaste
uveir, eller
den hardaste
tørke
kjem inn
gjennom døra,
står dei
faste, urørte
for dei har
sterkare røter

for dei har
gartnaren

Ingen kommentarer: