torsdag, juli 31

eg elskar Andrew VanWyngarden. 
han kler seg som ein gud
VI.
III.
II.
eg har laga ein del såkalla samansette tekstar.
eg har henta dei fram igjen og her får du
I.
3 ting eg har lyst til å gjere i dag:
snu verda opp ned
drikke x stk kaffi på kafé
reise til månen på ein katt

"dersom mennesket var eitt, ville det ikkje lengre føle smerte. 
for dersom det var eitt, ville det ikkje kunne vere noko som forårsaka smerte"

-Hippokrates

måndag, juli 28

eit stykke heimby


klokka 0300, eg skal heim.
ein flokk
av (sjølvsagt) hjernelause fluger
snakkar høgt, fulle

vitsar om
andre dyr
som dei ikkje
fortsår dei er i
slekt med.
i stadig aukande
volum

fleire fulle fluger
kjem inn og set seg.
køa er lang

klokka 0310, eg går frå mitt sete
"hippie off the bus"
men det var like greit
ein av dei mest perfekte dagane i mitt liv
vi var i Italia, vinterferien
vi hadde ein fridag frå skulebesøka,
 og vi kunne gjere det vi ville
vi drog til den vesle byen San Benedetto.
 vi måtte springe på toget,
 for billettautomaten fungerte ikkje heilt
sola hadde verkeleg lyst til å
 vere ven med oss
vi gjekk til stranda som
 var så fin og kvit. 
vi hadde handla inn mat og drikke.
 vi sat oss i ein båt
og der kunne ikkje ting
 bli bedre enn dei var 

onsdag, juli 23

eg vil på loppemarked. då skulle eg funne meg 1 stk fin, gammal, slitt stol. 1 stk stor lampe med silkeaktig trekk på skjermen. 
5 stk krus frå 70-talet. 4 stk kleshengarar. 1 stk styggkul vase.

tysdag, juli 22

"han kan kalle meg en blomst viss han vil det"

-Bambi
vi to står saman i alt
og vi deler kvar kakesmule på to
ånei, ikkje perfeksjonisme, rettferd

og vi brukar timar i vindauget
for å sjekke om den andre er på veg

drømmer om
sola som skein

som pepper og salt
der kan vi sitje utan å merke at år har gått
vi står jo uansett saman i alt

måndag, juli 21

tibetansk spaniel. søstrene Luca og Gunny
18 og trøytt
i dag måtte eg seie dette

kan dei døde flugene venligst trekkje ut av teen? takk


fredag, juli 18

ikkje eit einaste dødpunkt



torsdag, juli 17

vi klikkar godt saman, som lakris på snor
åja, det finst draumar

og berre sjå ut gjennom vindauget ditt
det er så mange ting du skulle ha gjort

men så vil du likevel
ikkje låse opp
well there're so many sinking now you've got to keep thinking you can make it thru 
these waves. acid, booze, and ass needle guns, and grass. lots of laughs lots of 
laughs. everybody's saying that hell's the hippiest way to go out, well I don't 
think so, but I'm gonna take a look around it trough
-Joni M.
ingen grunn til å stoppe dansestega
kula gir seg ikkje før månen er død
alt er enklare å skrive enn å seie
så kanskje vi berre skulle blitt stumme alle saman?

onsdag, juli 16

eg har trua på at det er dei små tinga her i livet som kan gjere deg lykkeleg
for eksempel å dra for gardinene om kvelden
sitje åleine på verandaen medan det striregnar og sjå kor fort det dannar seg små hav overalt
rive av kronblad på ei rosebusk du går forbi.
ein kan leve lenge på slik lykke
her er ein handfull av mine favoritting
å ha ein fest av og til, har alle godt av
derfor feirer eg bursdagen min tre gonger dette året
vi bur i hus
tett i tett

alt er som planlagd i sandkornet
eit lite kakestykke av sommaren 07
hadde eg vore festivalsjef, kunne du finne desse der 

måndag, juli 14

let's get a bite to eat
let's talk about movies
let's go sleep
   the Moldy Peaches
det er noko med kaniner som facinerer meg så utruleg
dei ser ut som små hestar
dei spring fort
dei er elegante
og dei er rare
- kjøpte du du blomster i dag?
- ja
- hm
- nei, eg veit ikkje om detta vart noke fint

søndag, juli 13

skal vi berre ta det rolig?
sjå meg inn i auga
freedom to create

-Janis J.