måndag, juli 2

Marion frå havet

Marion
kjem opp
av vatnet
stryk kammen
gjennom håret
til det blir
gyllen og glatt

Ho
ser rundt seg
på alle kantar
etter fiskarar
og anna folk

Kvesser
tennene
til ho blør
i munnen,
det gjer leppene
raude

Der
kjem ein mann
i liten trebåt
liten og skjør
han er
som ein liten
glassfigur
Marion
smiler
og han får augene
på henne
og ho syng sin
velkomstmelodi

Mellom
tang og tare
fisk og krabbe
i ei forlist skute
ligg Marion fornøgd
strekk seg
på sanddyna si
Skjenkar i
litt Fisherman's Friend
i sitt nye

glas

I skjul

så legg eg kniven
i ordboka
på side tjuefem
håpar ingen
gidd
å bry seg om
korleis orda vert
stava
på ei stund