søndag, mars 23

Blikket ditt, å

Smil meg opp etter veggen
slik at eg
bankar bankar bankar
i heile meg
og blomsterblad med gledestårer
vil skrike fargane sine ut
som eg drar og drar
og tvinnar i eit teppe
slengt på veggen

ÆÆÅÅ, kor slike skot i meg
gjer og forandrar og blir

søndag, mars 16

Grill

Dei
som set ord på pinner
steikjer
dei
med
stødig
hand

Tid, og ikkje meir

det røskar i oss,
denne ubrukte tid

som vil så gjerne
spele sjakk med hinderlaup,
eit uspelt drama
i fire akter
med skeiv dramaturgi
og utspekulerte skodespelarar

det røskar i oss
men vi er sterkast
for vi veit når maten
er for salt

onsdag, mars 12

På brød og vatn

Vil i k k j e bli låst
inn i bur,
i eit løkkeskrift-hus,
bygd etter
følg-boka-kreativitet

Men å elske
med sola
på ein grønlite areal
med mose og freshe maur

Ps! No skriev eg litt fortare

Den er grei Rudolf,
men vi har mykje salat-
ingrediensar som vi kan
bruke opp. Kanskje vi kan
kjøpe tacolefser i tillegg?
Yoghurtkake? It better be
good!

Heijud,

taikkjedettaforlett!
vi har fortsatt
eit uspelt kakelotteri

laurdag, mars 1

I tåkelandskap

Vi lyg oss ut
av knutar
og fremmer
utvatna saker
Går i tog
utan mål
Diskuterer
i poesi

Men ingen
hugsa regel nr. 1,
så nøkkelen
står fortsatt i

Skifte

Gå i vårt tempo
elles glir du
som anda forbi

Len deg på
dine skuldrar
Slikk dine
eigne sår

Ein ny tallerken
er knust,
og du skal
koste opp